Trikkeulukke i Frankrike – minst 20 skadde
0
To trikkar har kollidert i den franske byen Strasbourg, laurdag ettermiddag, rundt klokka 15.30 lokal tid.
Det skal vere ein frontkollisjon mellom dei to trikkane, som skal ha skjedd på ein travel stasjon ifølgje franske medium.
Minst 20 menneske er skadde, og årsaka til ulykka er enno ikkje fastslått, melder nyheitsbyrået AFP som siterer ein talsmann for franske styresmakter.
Nødetatar er på staden. og politiet skriv på X at trafikken er stansa i begge retningar, dei ber folk om å unngå området.