Franske Mayotte ventar ny syklon
0
Mayotte er på raudt vêrvarsel på grunn av syklonen Dikeledi, som ventast å bringe sterke vindar og kraftig regn, skriv AFP.
Vindstyrken kan nå opp til 110 km/t, og det er fare for flaum og jordskred. Innbyggjarane er oppmoda til å søke ly og sikre seg mat og vatn.
Dette er andre gongen på kort tid at Mayotte, eit fransk oversjøisk territorium og del av øygruppa Komorane i Indiahavet, blir råka, etter at syklonen Chido forårsaka store øydeleggingar i desember.