Hydrogenselskapet Nel stopper produksjon og vil kutte ansatte
0
Nel ASA og datterselskapa deira reduserer arbeidsstyrken og stansar midlertidig produksjonen ved anlegget på Herøya i Porsgrunn.
Dei grunnar dette med låg etterspørsel i marknaden for fornybar hydrogenproduksjon.
– Marknaden for fornybar hydrogenproduksjon har vore tregare enn venta, skriver selskapet på sine nettsider.
Det var NTB som meldte nyheita fyrst.
Selskapet opplyser at dei vil redusere arbeidsstyrken med omtrent 20 prosent, og at omlag halvparten av desse reduksjonane er allereie gjennomført gjennom frivillige oppseiingar og oppseiingar av konsulentar.