VG: Høiby fekk besøksforbod oppheva
0
Marius Borg Høiby fekk besøksforbod mot ei kvinne i 20-åra som politiet meiner han hadde forgripe seg på. No er det oppheva, seier bistandsadvokaten til kvinna til VG.
– Ho ville aldri ha noko besøksforbod i utgangspunktet, så ho er veldig glad for at det er oppheva no, seier bistandsadvokat Heidi Juritzen til avisa.
Høiby er sikta for valdtekt utan samleie med kvinna i 20-åra, men han har nekta for det.