NVE avsluttar saka etter Tokagjel-ulukka
0
Tre år etter dødsulukka i Tokagjelet, der tre menneske mista livet, har Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) bestemt seg for å avslutta saka. Det kjem fram i eit brev frå NVE til Clemens kraft AS, som eig kraftverket i fossen der ulukka skjedde.
Advokaten til dei pårørande etter ulukka, Einar Drægebø, har tidlegare uttalt til NRK at dei håpa på ei mogleg foretaksstraff mot dei ansvarlege. Men etter nye vurderingar har både NVE og Riksadvokaten landa på at dei ikkje vil ta saka vidare.
Dette betyr at det ikkje vil bli gitt noko overtredelsesgebyr i samband med hendinga i Tokagjelet i oktober 2021.