To års fengsel etter macheteåtak
0
Ein mann er dømd til to år i fengsel etter at han gjekk til åtak og skada ein annan mann med machete i Arendal sentrum i fjor sommar. Mannen er dømd for grov kroppsskade, melder Agderposten.
Politiet rykte ut etter melding om hærverk mot ein taxi, ifylgje dommen var mannen svært berusa og aggressiv med ein machete med eit 43 centimeter langt blad.
Den angripne mannen fekk eit djupt kutt i handa.