Ti personar må møta i retten etter brot på koronareglane
0
Den neste månaden skal til saman 10 personar møta i retten for brot på koronareglane, skriv Bergens Tidende. Dei har anten nekta å reisa på karantenehotell, eller ikkje testa seg.
Alle har fått førelegg i juli 2021, som dei så har nekta å vedta. Dermed hamnar sakene i retten.
Politiadvokat Ole Vallestad Emmerhoff skal vera aktor i sakene.
– Dette handlar om at alle skal bli behandla likt, seier han til BT.
Advokat Kristina Dirdal, som forsvarar fleire, er overraska over ressursbruken til politiet.