Norske kommunar vil stoppe vindkraft i Sverige
0
Kommunane Eidskog, Kongsvinger og Aurskog-Høland vil stoppe vindkraftutbygging i Sverige, skriv Dagens Næringsliv.
– Eg forstår at dei treng meir kraft på svensk side, men dei bør sjå på konsekvensane for naboar. For oss er det berre ulemper, ingen fordelar, seier Eidskog-ordførar Kamilla Thue til avisa.
Ein FN-konvensjon krev at store utbyggingsprosjekt må på høyring på tvers av landegrenser i område som blir ramma.
Også Innlandet fylkeskommune og fleire selskap, organisasjonar og privatpersonar har protestert mot vindkraftprosjekt på svensk side.