Hamas: Kvinneleg gissel blir sett fri neste helg
0
Den israelske gisselen Arbel Yehoud blir sett fri neste laurdag, seier Hamas, ifølge Reuters.
Hamas sette laurdag fri fire soldatar frå fangenskap. Israel sa dette var eit brot på våpenkvileavtalen som blei inngått, der sivile skulle settast fri først.
Israels statsminister Benjamin Netanyahu sa laurdag at dei ville nekte palestinarar å krysse grensa til Nord-Gaza til spørsmålet rundt frigjevinga av Yehoud var avklart.