Reuters: Fleire drepne og skadde i israelske angrep i Libanon
0
Minst to personar er drepne i eit israelske angrep sør i Libanon, seier libanesiske helsestyresmakter til Reuters.
I tillegg er minst 31 såra i angrepa, melder nyheitsbyrået.
Angrepa skjedde same dag som israelske styrker skulle ha trekt seg tilbake i tråd med våpenkvileavtalen med Libanon.
Israel sa fredag at tilbaketrekkinga blir utsett fordi utplasseringa av libanesiske regjeringssoldatar var forsinka.