Foreslår å senke kriminell lågalder i Sverige
0
Eit utval som blei sett ned av den svenske regjeringa foreslår å senke den kriminelle lågalderen til 14 år i alvorlege brotsverk, melder SVT.
Oppdraget var å greie ut ei generell senking av den kriminelle lågalderen, men utvalet gir i staden ei tilråding om å senke lågalderen til 14 år for brotsverk med minstestraff på over fire år.
Den kriminelle lågalderen i Sverige har vore 15 år sidan 1864.