Ullmann-roman blir TV-serie
0
Linn Ullmann sin kritikarhylla roman «Det dyrebare» blir TV-serie. SVT melder at dette er ein av deira store dramasatsingar i 2026.
Mikael Marcimain har regien og det skal produserast seks episodar.
Det dyrebare er ei forteljing om tre generasjonar kvinner, dei vaklande relasjonane deira og kampen deira for forsoning.