Hydro i Høyanger startar opp att tidlegast neste veke
0
Resirkuleringsanlegget til Hydro i Høyanger vil tidlegast opne opp drifta att neste veke, får NRK opplyst.
Anlegget vart stengt ned etter eksplosjonen i Fundo-bygget onsdag.
Hydro vil bruke tida til å undersøke kva som er årsaka til hendinga.
– Vi reknar med å kunne seie noko meir om oppstart i løpet av neste veke. Kor tid oppstarten skjer, vil vere avhengig av undersøkingane vi gjer, seier informasjonsdirektør Halvor Molland til NRK.