Kjende folk feirar SNL
0
Robyn og Lady Gaga er blant dei som skal opptre i ei spesialutgåve når humorprogrammet «Saturday Night Live» feirar 50 år på lufta.
På den lange lista over artistar som er med på «SNL50: The homecoming concert», står også Post Malone, Jack White, Bad Bunny og Backstreet Boys, skriv musikknettstaden Pitchfork.
Konserten blir spelt på Radio City Music Hall i New York og blir direktesendt 14. februar. Jimmy Fallon skal leie jubileumssendinga.
(NTB)