Superstjernene heldt innsamlingskonsert etter brannen i LA
0
Natt til fredag gjekk Billie EIlish, Joni Mitchell, Katy Perry, Sting og fleire andre artistar på scena i Inglewood, California.
Pengane som blei samla inn skulle gå til å førebygge brannar i Los Angeles i framtida og til dei råka av brannane i januar.
Minst 29 personar mista livet tidlegare i januar. Rundt 12 000 heimar gjekk også tapt.
Andre som deltok på innsamlingskonserten FireAid var John Mayer, Earth, Wind, and Fire, Green Day, P! nk, Rod Stewart, Stevie Nicks og Olivia Rodrigo