Stoltenberg vil sjå på Noregs Bank-mandat
0
«No som inflasjonen kjem ned og nærare målet, vil det vere hensiktsmessig å etter kvart fastsette eit tidspunkt for ein gjennomgang av mandatet for pengepolitikken».
Det skriv finansminister Jens Stoltenberg (Ap) i eit skriftleg svar til Rødt-leiar Marie Sneve Martinussen.
Også sentralbanksjef Ida Wolden Bache sa i sin årstale førre veke at det kan vere fornuftig med meir regelmessige gjennomgangar av sentralbanken sitt mandat.
I dag er målet for pengepolitikken å halde prisveksten på kring 2 prosent over tid, samstundes som ein har fokus på høg sysselsetting.
Både LO, KS og forskarar ved SSB har i Klassekampen teke til orde for å sjå på mandatet.