Væpna politi til trusselsituasjon i Bergen sentrum
0
Politiet rykka onsdag kveld, rundt klokka 21.00, ut etter melding ein mogleg trusselsituasjon i Bergen sentrum. Politiet er på staden og har kontroll på tre personar. Dei blir bringa inn til arrest. Det er ingen som er skadd på staden.
– Slik me oppfatta det, var det ein trusselsituasjon, og det var bakgrunn for at politiet var væpna, seier operasjonsleiar Tore-André Brakstad til NRK.
Dei er tre er menn i 20-30-årsalderen. Politiet skal vidare gjere undersøkingar på kva som er skjedd.