Seier han høyrde stemmer som ba han drepe mora
0
20-åringen som er tiltalt for drap av mora i Vestnes i fjor haust, seier at stemmer i hovudet ba han drepe henne. Det kom fram i avhøyret som blir spelt av i retten måndag.
Mannen seier han stadig høyrer stemmer i hovudet som seier kva han skal gjere og seie, og at det er fleire stemmer.
Han seier at det er stemmene som avgjer kva han skal gjere. Han seier at stemmene også ber han drepe bror sin.
Påtalemakta har varsla at dei vil be om at mannen blir overført til tvunge psykisk helsevern.