Fare for fleire stengde fjellovergangar: – Blir berre verre
Det varsla uvêret i fjellheimen i Sør-Noreg tar seg opp laurdag kveld. Det er allereie innført kolonne på riksveg 7 over Hardangervidda, og riksveg 52 mellom Hol og Aurland kan snart bli stengd.
Utover natta er det fare for fleire stengde fjellovergangar.
– No viser vêrmeldingane at det berre skal bli verre, så det er fare for at det blir stengt dei neste timane eller natta, seier trafikkoperatør Ronny Sleire i Vegtrafikksentralen vest.
På Hardangervidda blei det innført kolonnekøyring kl 18.
– Det er dårleg sikt på grunn av tett fokksnø og det fonnar seg. Det må brøytast vekk. På fv. 50 Aurland-Hol er det ope no, men det kan bli kolonnekøyring på veldig kort varsel. På den overgangen køyrer ein aldri kolonne etter 22, så då er det i praksis stengt resten av natta. Haukelifjell er enn så lenge ope, men ligg i same uvêrsområde. Her ventar me på ei oppdatering, fortel Sleire.
Vegtrafikksentralen har allereie åtvara dei som skal reisa heim etter vinterferie sundag. Det kan bli ei frustrerande ferd for dei som skal reisa heimover i sørlege deler av høgfjellet.
– Over riksveg 52 Hemsedalsfjellet og E16 Filefjell ser det førebels fint ut.