Flyplassen i München opnar gradvis
0
Laurdag morgon opna flyplassen i München gradvis for trafikk igjen, etter at flyplassen blei stengt fredag kveld etter mogeleg droneobservasjon, skriv Reuters.
Flyplassen seier det kan bli forseinkingar og avbrot gjennom dagen, og ber folk halde seg oppdatert gjennom flyselskapet dei reiser med.
Dette var andre gong på eitt døgn at flyplassen har måtte stenge på grunn av mogeleg droneaktivitet.
Torsdag blei 17 fly innstilt og rundt 3000 passasjerar ramma av stenginga ved flyplassen utanfor Tysklands tredje største by.