Eit turfølgje med ti personar frå Sør-Europa sit fast på Ekkertinden i Sunndal. Det er sett i gang ein redningsaksjon. Redningshelikopter og frivillige frå Raudekrossen er på veg. – Dei har fått utfordringar på veg ned igjen frå fjellet. Vi har dialog med dei på telefon. Det er kaldt, men dei er samla og har det greitt, seier Eivind Klokkersund, operasjonsleiar i politiet