Redd Barna-kontor angripe i Sør-Sudan
0
Redd Barna trekker tilbake 30 tilsette frå landsbyen Walgak i Sør-Sudan etter at kontoret deira blei øydelagt og plyndra, melder NTB,
Ingen av dei tilsette blei skadde, og ingen blei drepne i angrepet, som blei utført av væpna gjengar, opplyser hjelpeorganisasjonen.
Tidlegare denne veka blei eitt av sjukehusa til Leger Uten Grenser treft av eit luftangrep frå regjeringsstyrkane. Ein person blei skadd, og sjukehuset fekk store øydeleggingar.
