Ny storm nærmar seg Portugal og Spania
0
Spania og Portugal rustar seg for stormen «Marta», som er venta å treffe den iberiske halvøya laurdag, melder AFP.
Stormen kjem rett etter at uveret «Leonardo» gjorde store skadar i dei to landa. Minst ein person mista livet og tusenvis av menneske måtte flykte frå stormen.
I Portugal er over 26.000 redningsarbeidarar mobilisert. Sivilforsvaret seier at situasjonen er svært alvorleg.
«Marta» er den tredje stormen i området på kort tid. Så langt har dei materielle skadane etter stormane passert 45 milliardar kroner.
