Добавить новость
ru24.net
World News in Norwegian
Февраль
2026
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21
22
23
24
25
26
27
28

Sikta etter skytedrama framleis ikkje avhøyrt – uvisst om han stiller i fengslingsmøte

0
NRK.no 

Onsdag kveld vart ein mann i 40-åra tatt etter ein 12 timer lang og dramatisk politiaksjon i Hordvik utanfor Bergen.

Fredag morgon er det framleis ikkje gjennomført avhøyr av mannen.

Det opplyser mannen sin forsvarar, advokat Bertil Christian Hast Rønnestad til NRK.

– Nei, det er ikkje gjennomført avhøyr av han enno. Det er også uklart om han vil stille i fengslingsmøte eller om det vert gjennomført som så kalla kontorforretning, opplyser Rønnestad fredag morgon.

Det er domstolen som avgjer korleis møtet skal verta gjennomført.

Mannen er sikta for grove truslar med skytevåpen mot både politi og privatpersonar etter skytedramaet.

Rønnestad fortel at han framleis ikkje har hatt møter med den sikta mannen.

Torsdag vart det opplyst at mannen er innlagt på Haukeland universitetssjukehus, med vakthald.

Her kan du lesa meir:

Tatt etter 12 timar lang aksjon

Politiet: Hadde flere kraftige våpen

Dette vet vi om den sikta mannen




Moscow.media
Частные объявления сегодня





Rss.plus
















Музыкальные новости




























Спорт в России и мире

Новости спорта


Новости тенниса