Dei sameinte arabiske emirata: Dronevrak starta brann ved eit oljeanlegg
0
Ein brann braut ut ved eit oljeanlegg i emiratet Fujairah i Dei sameinte arabiske emirata etter at vrakrestar frå ein drone fall ned under ei avskjering, opplyser styresmakteneDet melder nyheitsbyrået Reuters.
Ingen personar skal vere skadde, ifølge styresmaktene.
Sivilforsvaret arbeider med å få kontroll over brannen.
Laurdag morgon blei det observert røyk frå retninga til oljeanlegget i Fujairah, ifølge ein AFP-journalist.
Mørk røyk steig opp frå området rundt hamna i Fujairah, som huser eit stort lager- og handelssenter for olje samt ein viktig eksportterminal.
Det er per no ikkje kjent kvar dronen kom frå.
Fujairah ligg utanfor Hormuzsundet og er eit viktig knutepunkt for oljehandel.
