G7-landa med felles fråsegn om støtte til partane i Midtausten
0
Laurdag kom G7-landa med ei felles fråsegn kor dei viser støtte til sine partnarar i Midtausten. Dei fordømmer Iran sine angrep mot sivilbefolkninga og infrastrukturen i Bahrain, Kuwait, Oman, Qatar, Saudi-Arabia, Dei sameinte arabiske emirata, Jordan og Irak, kjem det fram i ei pressemelding.
– Det iranske regimet sine uforsvarlege angrep mot desse statane trugar også regional og global tryggleik, står det i pressemeldinga.
– Vi krev at det iranske regimet straks og vilkårslaust stansar alle angrep, skriv dei.
G7-landa er eit samarbeid mellom Canada, Frankrike, Italia, Japan, Storbritannia, Tyskland og USA.
