Rundt 100.000 husstandar utan straum
Kraftig vind og store nedbørsmengder i forbindelse med uveret «Amy» har ført til store problem i store delar av Sør- og Aust-Noreg. Rundt 100.000 er straumlause laurdag morgon, og på Vestlandet er over 100 vegar stengde. I delar av Vestfold og Telemark er det venta at det skal komme opp mot 100 millimeter regn i løpet av tolv timar.