India: Vil opprette arbeidsgruppe som skal kome med råd om tryggleik på arbeidsplassen
Høgsterett i India set i gang omfattande endringar i arbeidsforholda for legar. Det skal mellom anna opprettast ei nasjonal arbeidsgruppe av legar for å komme med tilrådingar om tryggleik på arbeidsplassen. Det melder nyheitsbyrået Reuters. Det pågår landsomfattande protestar etter at ein 31 år gammal, kvinneleg lege vart valdteken og drepen etter at ho i pausen, la seg til å sove på eit rom på sjukehuset i byen Kolkata. Tusenvis av indiske kvinner har marsjert for «å take natta tilbake» etter hendinga. Читать дальше...