Syklist omkom etter trafikkulukke i Stad
Ein syklist er omkomen etter vedkomande vart påkøyrd av ein bil i Stad kommune. Ulukka skjedde på riksveg 15 ved Reknesvika fredag ettermiddag. Kl. 18.48 melder politiet at syklisten døde av skadane. Dei pårørande er varsla og Stad kommune verkset kommunalt kriseteam.