Arbeidsulukke på konteinarskip i Bergen
0
Klokka 20.18 fekk politiet melding om at ein person skal ha komme i klem ombord på eit konteinerskip som ligg til kai ved Dokkeskjærskaien i Bergen.
Ulukka skal ha skjedd i samband med lossing av konteinarar og personen er tilsett ved skipet. Ein lift frå brannvesenet blei brukte til å få pasienten over frå båten til kaien.
Tilstanden er ukjent, men den tilsette er teken hand om av helsepersonell og blir truleg sendt til sjukehus, opplyser politiet til NRK.