Klimagassutsleppa i fjor var dei lågaste sidan 90-talet
0
I fjor var Noreg sine klimagassutslepp på 46,6 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Det er ein nedgang på 9,2 prosent sidan 1990 og den lågaste i perioden, ifølge Statistisk sentralbyrå (SSB).
Frå 2022 til 2023 gjekk utsleppa ned med 2,3 millionar tonn CO2-ekvivalentar, viser tal frå SSB.
Det er likevel langt unna målet Noreg har forplikta seg til gjennom Parisavtalen, nemleg å kutta klimagassutsleppa med minst 55 prosent frå 1990-nivåa innan 2030.