Ein drepen etter åtak på heilagdom i Homs
0
Ifølgje ein syrisk krigsobservatør er ein person no døde etter at tryggingsstyrkar opna eld for å spreie demonstrantar.
Det har onsdag vore protestar mot eit åtak på ein alawittisk heilagdom i Homs.
– Ein demonstrant vart drepen og fem andre såra etter at tryggingsstyrkar i byen Homs opna eld for å spreie dei som demonstrerte mot angrepet på heilagdomen, seier Rami Abdel Rahman, leiar for Syrisk observatorium for menneskerettar, til AFP.
Syriske styresmakter seier at angrepet på heilagdomen er «gammalt» og stammar frå då opprørarane tok over Aleppo, ifølgje AFP.