Får ikkje gjort undersøkingar på Frei i dag
0
Politiet får ikkje gjort kriminaltekniske undersøkingar av branntomta på Frei i Kristiansund i dag.
Brannen har blussa opp att, og det er ikkje muleg å undersøke området før det har kjølt seg heilt ned.
Politiet frykter at to personar som ikkje er gjort greie for, omkom i brannen.
Det var tre personar i huset då det starta å brenne måndag kveld.