Politiet har fått fleire meldingar om ein bilførar som gjorde fleire forbikøyringar på uoversiktlege plassar på E39 frå Festøya til Volda. Politiet observerte også køyringa og fekk etter kvart stoppa bilføraren i Volda. Politiet opplyser at føraren var ein italiensk rallybilinstruktør som var på noregsferie. Vedkomande fekk eit forenkla førelegg for køyringa.