Barth Eide om Gaza-våpenkvile: – Vi har høyrt dette før
– Det høyrest i utgangspunktet lovande ut, men vi har høyrt dette før, seier utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) om nyheita sundag kveld om framgang i forhandlingane om ein avtale om å frigje israelske gislar og våpenkvile på Gaza.
– Dette er ein dramatisk situasjon, og slik har det vore i 15 månader, legg han til.
Israel og Hamas er no under aukande press frå avtroppande president Joe Biden for å inngå ein avtale før maktskiftet i Washington den 20. januar.
Medan påtroppande president Donald Trump har sendt sin komande Midtausten-utsending til regionen for å forhandle fram ei våpenkvile. Trump har òg åtvara Hamas om «alvorlege konsekvensar» dersom gislane ikkje blir frigjevne innan han tek over som president.
Sidan 7. oktober 2023 har palestinske helsemyndigheiter registrert og identifisert 46.656 drepne palestinarar.