Skal ha spreidd falske nyheiter om jordskjelvet
0
Søndag kveld skal det ha blitt spreidd falske nyheiter om jordskjelvet i sosiale medium. Avisa Vestlandsnytt opplyser at nokon skal ha fabrikkert eit bilde og lagt inn falsk informasjon, slik at det såg ut som om det var skrive av avisa. Blant anna stod det at jordskjelvet førte til ei flodbølge.
– Vi i Vestlandsnytt ser alvorleg på dette. Det er skremmande at nokon vil utnytte ein slik situasjon med tøys og feilinformasjon. Vi vil vurdere å ettergå dette, seier redaktør Endre Vorren til avisa.