Åtte døde i mogleg utbrot av Marburgvirus i Tanzania
0
I Tanzania er åtte personar døde i eit mogleg utbrot av Marburgvirus. Det melder verdas helseorganisasjon WHO.
– Vi veit om ni tilfelle så langt, og åtte av dei er døde. Vi forventar fleire tilfelle dei neste dagane sidan sjukdomsovervakinga blir betre, seier WHO-sjef Tedros Adhanom Ghebreyesus, ifølgje AFP.
Marburgvirus er ein alvorleg og ofte dødeleg blødingssjukdom, ifølgje snl.no. Viruset er i same familie som ebolavirus.