Mann påkøyrt av bil i Modum – kritisk skadd
0
Oppdatering 03:22: Mannen i 40-åra skal vere stabil. Dei pårørande er varsla. Føraren av bilen var ei kvinne i slutten av tenåra. Førarkortet hennar er beslaglagt. I Modum har ein mann blitt påkøyrt av ein bil.
Han var ikkje medviten då ambulansen kom fram, og er vurdert som kritisk skadd.
Vedkomande blei først frakta til Drammen sjukehus, men mannen blei frakta vidare med luftambulanse til Ullevål sjukehus.
– Det var føraren av bilen som meldte frå om ulukka, seier operasjonsleiar Ottar Steinstø til NRK.
Han seier at sjåføren er uskadd.
Riksveg 350 Hovde i Vikersund blir stengt i ein periode då krimteknisk skal undersøke åstaden.
– Dei skal jobbe der nokre timar, så vi veit ikkje kor lenge vegen blir stengt, sa han.