Macron: Europa må beskytta eigen suverenitet i møte med Trump
0
Frankrikes president, Emmanuel Macron, meiner Europa må beskytta sin eigen suverenitet i møte med USAs president Donald Trump sin andre presidentperiode, melder nyheitsbyrået Reuters.
Beskjeden kom under ein felles pressekonferanse med den tyske rikskanslaren Olaf Scholz i Paris.
– Etter innsettinga av den nye administrasjonen i USA, er det meir nødvendig enn nokon gong for europearar og for våre to land å spela deira rolle i konsolideringa av eit samla, sterkt og suverent Europa, sa Macron.
Han la til at det var særleg viktig å støtta bil- og ståk industrien, stålindustrien og den kjemiske næringssektoren.