FN uroa over Israels maktbruk på Vestbreidda
0
FNs menneskerettskontor seier dei er alvorleg bekymra over maktbruken til det israelske forsvaret på Vestbreidda.
– Vi er djupt uroa over bruken av ulovleg dødeleg maktbruk i Jenin på den okkuperte Vestbreidda, seier Thameen Al-Kheetan, som er talsperson for FN-kontoret.
Han seier dei har fått verifisert at minst 12 palestinarar er drepne og 40 såra av israelske soldatar sidan tysdag.