Gruppevaldtektssaka: Krev 6,5 år i fengsel
Aktor Statsadvokat Magne Kvamme Sylta krev 6,5 år i fengsel for den eine av tre tiltalte i gruppevaldtektssaka i Stad kommune.
Sylta meiner mannen var den drivande krafta januarkvelden i fjor. Han bad også retten sjå på hendinga som ei valdtekt gjort i fellesskap.
Advokat Paul-Inge Angelshaug, som forsvarer mannen, bad derimot om full frifinning, alternativt at retten ser på hendinga som ei separat hending og ikkje gjort i fellesskap.
For dei to andre mennene kravde statsadvokaten fengsel i fem år og ti månader og fem år og åtte månader.
Bistandsadvokaten ber retten fastsette erstatning frå kvar av dei tiltalte.
Det kom under siste dag av rettssaka som har gått i Sogn og Fjordane tingrett denne veka. Alle dei tre unge mennene på tiltalebenken har nekta straffskuld.
Tiltalen har ei strafferamme på 21 år.