Bergensbanen er forseinka ved Stanghelle
0
Det er forseinkingar på Bergensbanen på grunn av ein jordfeil ved Stanghelle.
– Vi avklarer situasjonen no. Førebels veit vi ikkje kor lang tid det vil ta. Vi beklagar ulempene dette skaper, skriv Bane Nor på nettsida si.
Vy skriv på si nettside at feilen fører til at toga køyrer saktare, og at ein må rekne med forseinkingar.