Undersøker skip som kan ha skada kabel i Østersjøen
0
Den svenske kystvakta undersøker måndag det bulgarske skipet som skal ha skadd ein undersjøisk kabel i Østersjøen søndag, melder AFP.
Bulgarske styresmakter seier kabelen kan ha blitt øydelagt då skipet ankra opp på grunn av kraftig vind og høge bølger, melder Reuters.
Dei avviser at dette blei gjort med vilje for å skade kabelen.