Ap held digitalt sentralstyremøte i morgon
0
Arbeidarpartiet held digitalt sentralstyremøte i torsdag morgon klokka 9, får NRK stadfesta. DN melde først om saka.
Det skjer etter at begge regjeringspartia onsdag ettermiddag har hatt gruppemøte, kor dei har diskutert den betente energifloken dei imellom.
Senterpartiet har ikkje rikka seg og seier klart nei til dei tre EU-direktiva som Jonas Gahr Støre jobbar for. Statsministeren har på si side fått sterk støtte frå sine om at dei ønskjer å innføre dei tre direktiva.