Ung gut skal vere utsett for vald og ran
0
Klokka 19.19 rykka politiet til melding om ran av ein gut midt i tenåra ved Engen/Torgallmenningen i Bergen sentrum.
– Fornærma skal vere utsett for vald og det er også nytta kniv under ranet. Det er opplyst at valden dreier seg om slag og spark, melder operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen.
Politiet opplyser at kniven skal ha blitt brukt til å true med. Dei leita først etter ein ungdomsgjeng som skal ha stukke frå staden, og meldte klokka 19.48 at dei har funne fire personar, mistenkt for å ha noko med rana å gjere.
Guten er vaken og medviten. Det er ukjent skadeomfang, ifølgje politiet.