BT: Varsel mot direktør ved Havforskningsinstituttet
0
Avdelingsdirektør Linn Cecilie Moholt ved Havforskningsinstituttet fekk i haust tre anonyme varsel mot seg, skriv BT. Ho leiar ein avdeling med 80 tilsette.
Varsla skal dreie seg om leiarstil, påstått maktmisbruk og fryktkultur, ifølgje avisa. Dette skjer samstundes som instituttet står i ein nedbemanningsproess.
Advokatfirmaet Arntzen de Besche blei hyra inn til å lage ein granskingsrapport. Så langt er det brukt 750.000 kroner på firmaet.
Rapporten finn ikkje noko brot på arbeidsmiljølova, men at det er arbeidsmiljøutfordringar på avdelinga, opplyser kommunikasjonsdirektør Marie Hauge til BT.
Hauge seier at leiinga har tillit til avdelingsdirektøren. Moholt sjølv ønsker ikkje kommentere saka no overfor avisa.