Dansk avdød mann har fått status som sikta for drapet i Bergen
0
Dei pårørande til den avdøde kvinna som blei funnen i Bergen i natt, har fått oppnemnt bistandsadvokat.
Den avdøde danske mannen som blei funnen saman med kvinna, har fått oppnemnd forsvarar. Med det har mannen formelt fått status som sikta, melder Vest politidistrikt.
– Politiet vil ikkje kommentere nærare kva som er bakgrunnen for siktinga, utover at det er gjort funn på staden som gav grunnlag for det, skriv kommunikasjonsdirektør Arne Lutro i ein e-post til pressa.