Full overtenning i hus på Askøy - tak har rast saman
0
Det brann kraftig i eit hus på Askøy i Vestland, ifølgje Vest politidistrikt.
Taket har rast saman og det er høge flammar frå brannen, opplyser politiet.
Politiet seier dei er i kontakt med huseigar, og opplyser at ingen er i huset.
Det skal ikkje vere spreiingsfare, opplyser Lars Petter Lovik i 110 vest.
– Det er såpass vått i terrenget, seier han til NRK.
Han seier at dei fekk fleire telefonar frå tipsarar og at det brenn kraftig.
Ingen er meldt skadde som følgje av brannen.