Vanskelege køyreforhold i nord
0
E6 over Saltfjellet er stengt grunna sterk vind og vanskelege køyreforhold. Det melder Vegtrafikksentralen nord.
Det vil bli gjort ny vurdering klokka 08.
Også E69 mellom Skarsvåg og Nordkapp har vore stengt sidan torsdag ettermiddag. Det er venta oppdatering klokka 09 fredag morgon.
Det er kolonnekøyring på Fv. 98 Ifjordfjellet. Ny vurdering klokka 07.