Brann i bustad bydel Arna i Bergen - to henta ut
0
Oppdatering klokka 03.17: Røykdykkarar har henta ut to personar som var i ein blindkjellar, som dei ikkje visste om før eit finsøk.
Det er ukjent skadegrad på personane og dei får behandling av helse.
Politiet har fått melding om brann i ein bustad i bydel Arna i Bergen.
Dei har ikkje sett opne flammar, men mykje røyk i vindauga.
– Det er ganske store skadar, fortel brannvesenet, som har vore inne med røykdykkar i den delen som har brent, blant anna ei trapp som er totalskadd, seier operasjonsleiar Helge Blindheim til NRK.